Har du fått avslag på ein UDI-søknad og lurer på kor du kan få hjelp til å klage?

Kommunen kan diverre ikkje gi rettleiing i UDI-sakar, men det er organisasjonar som kan hjelpe:

SEIF – Selvhjelp for Innvandrere og Flyktninger

SEIF er ein frivillig og uavhengig organisasjon som blei oppretta i 1986. Dei gjer informasjon og hjelp med mange sakar: NAV, skole, arbeid, opphaldstillatelse, familiesameining, økonomiske problem, tvangsekteskap, æresrelatert vald etc. Dei som jobbar i SEIF har teieplikt!

Avdelingsleiar i SEIF Bergen er Kristin Natvig. Om du treng hjelp, informasjon eller råd, ta kontakt med SEIF Bergen på telefon 55 56 09 00, eller på mail bergen@seif.no

Adressa i Bergen er Strandgaten 6, 5013 Bergen og kontoret er åpent måndag til torsdag frå 09:00 til 16:00.

 

PROFA – Praktisk og Rettslig Orientering for Flyktninger og Asylsøkere

PROFA er ein uavhengig, frivillig organisasjon som arbeider for asylsøkjarar og flyktningar sine rettar. Dei er særlig opptekne av rettstryggleiken til asylsøkjarar og flyktningar.

PROFA gjer informasjon og rettleiing når det gjeld rettssystemet, og kan også svara på spørsmål om samfunn og system i Noreg, til dømes om Nav, husleigekontraktar, UDI-klagesakar og liknande.

PROFA er tilgjengelig for besøkande kvar torsdag frå kl. 17 til kl. 19, i Jussformidlingens lokaler i Sydneshaugen 10.

Du kan kontakte PROFA på tlf.: 56 12 64 64, eller på e-post: profabergen@gmail.com

 

Top
Translate »