Foredrag med Kristin Sørsdal

Sørsdal har arbeidd som frivillig flyktningehjelpar ved Europas yttergrense langs strendene ved Middelhavet. 17. april kl. 19:00 kjem ho til Voss Bibliotek for å halde foredrag.

Arbeidet har ført ho til Italia mange gonger dei siste åra og i 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med sin eigen roman, «Mare». Foredraget er ei personleg reise driven av eit ønskje om sjølv å sjå flyktningestraumen over Middelhavet til Europa. Sørsdal er Lærar, forfattar og omsetjar. Ho har i mange år arbeidd i norskopplæringa for innvandrarar, har mellom anna omsett bøkene til Elena Ferrante og gitt ut 3 romanar. Den siste, «Mare» kom i 2017.

Les meir her.

Top
Translate »