Fjelltur med introprogrammet

Integreringstenesta vil gjerne takke alle som var med for ein flott tur til Løkjedalsnuten  26. juni! Me var åtte personar frå fire forskjellige land som drog på fjelltur saman i strålande solskin. Turen var 12 kilometer lang med ein stigning på over 300 høgdemeter. For nokon var det fyrste gong i den norske fjellheimen, og dei imponerte stort med positivitet og pågangsmot! På toppen var me var innom DNT sin hytte, Kiellandbu, kor me lånte gasskomfyr til å koke vann og laga oss varm drikke.

Du kan lese meir om Kiellandbu på internettsida til Bergen og Hordaland Turlag. Om du ynskjer meir informasjon om hytter i norske fjell kan du sjå på nettsida til DNT.

Takk for turen!

Tur til Kiellandbu 28. jni, 2018

Tags: , , ,

Top
Translate »