Takk til alle som deltok på praksismesse!

Torsdag 1. november vart det for fyrste gong gjennomført praksismesse på Voss kulturhus. Både private og kommunale arbeidsgjevarar var til stades for å høyre meir om korleis dei kan ta inn ein flyktning i praksis hjå seg.

Etter ein orientering frå integreringstenesta vart det servert somali og syrisk mat og arbeidsgjevarane og praksiskandidatane fekk møte kvarandre over god mat og kaffi. Det blei utveksla kontaktinfo og CVar, og fleire gav uttrykk for at det hadde vore eit godt møte.

Praksislunsjen vart til etter initiativ frå Integreringstenesta i Voss kommune, VossaJazz, Røde Kors og Næringshagen. Samarbeidet mellom desse aktørane starta etter årets Vossakveik, kor integrering var tema. Vossingane har vist seg å vere best i verda på ei rekkje ting, og om ein skal dømme etter korleis dei har jobba med integrering dette året kan det sjå ut til at dei også kan ta pokalen som verdsmeistare i inkludering.

Integreringstenesta takker alle som var med på messa: vonar at me ser dykk også på neste samling!

 


 

Top
Translate »