Politikkurs

Frå måndag 12.08 til onsdag 14.08 har introdeltakarane hatt politikkurs i lag med integreringstenesta. På måndag prata me om ulike ideologiar og kobla ideologiane opp mot partia som stiller til val. Me oppmoda ellers deltakarane til å ta ein ideologitest, som du finn lenke til her.

På tysdagen prata me om demokratiet, og kor viktig det er spessielt for minoritetsbefolkninga å nytta røysteretten sin. Me tok også NRK sin valgomat i fellesskap. Dei som ynskjer å ta denne testen på nytt finn den her.

Onsdag snakka me om dei ulike partia som stiller til val i Voss kommune, og synte facebooksidene til alle partia. Under finn du lenker til både dei sentrale sidene til partia og dei lokale facebooksidene.

Frp (facebook), Høgre (facebook), Venstre (facebook), KrF (facebook), Senterpartiet (facebook), Arbeidarpartiet (facebook), MDG (facebook), SV (facebook), Raudt (facebook)

På neste torsdag skal me ha eit valgteknisk kurs, der alle deltakarane vil få meir informasjon om korleis ein nyttar røysteretten sin.

error
Top
Translate »