Voss er nominert til busettings -og integreringsprisen 2020

Det er Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Imdi, som delar ut prisen. Det skjer i mai.

Dei seks nominerte er Voss, Asker, Gjøvik, Randaberg, Sunndal og Tromsø.

Dei seks nominerte kommunane er valt ut grunna konkrete resultat og kunnskap om kvalitet i integreringsarbeidet, heter det i grunngjevinga frå Imdi. Vidare seier Imdi at dei nominerte kommunane har busett flykningar i tråd med behovet og oppmodinga frå staten, og har vist ekstraordinært engasjement og fleksibilitet.

IMDi inviterer publikum til å stemme på sin favoritt og åpner for stemmegivning på sine nettsider i mars. IMDi kårar ein vinnar mellom dei tre finalistane med flest stemmer. Prisen vert delt ut på IMDis integreringskonferanse 4. mai i Oslo.

error
Top
Translate »