Integreringstenesta er stengt for besøk

I dei næraste vekene vil Integreringstenesta ha avgrensa kapasitet for å forhindra spreiing av koronaviruset. Vårt råd til deg er å halde deg mest mogeleg heime. Dersom du treng hjelp med noko kan dette ordnast over telefon eller epost.

Det vil under desse vekene heile tida vera tilsette i integreringstenesta som er tilgjengeleg på epost og telefon, og dersom du treng ein samtale må denne tingast på telefon eller epost.

Tinghuset og nav vil også vera heilt stengt for andre enn tilsette i denne perioden, men også dei vil vera tilgjengelege på epost og telefon.

Følg også med på informasjon frå Voss herad.

Ta vare på kvarandre, hugs god handhygiene og ta kontakt med oss dersom du lurer på noko.

error
Top
Translate »