Korona og Ramadan

Ramadan nærmer seg og me veit at det er mange som pleier å ta seg ein handletur til Sverige før Ramadan. I år kan du ikkje gjere dette. Om du reiser til Sverige no, vil du bli satt i 14-dagers karantene når du reiser tilbake til Norge. Om du i løpet av desse 14 dagane går ut av heimen din vil du bli straffa med bøter og fengsel.

Me veit også at mange liker å samla seg under Ramadan, men i år må dette gjerast i mindre grupper. På grunn av smittefaren har myndigheitene bestemt at man ikkje kan samlest i større grupper enn 5 personer, og dersom ein ikkje vanlegvis bur i lag må ein overhalda regelen om 2 meters avstand.

Me ønsker alle som feirer Ramadan ein fredfull høgtid, og ber alle om passe på at ikkje fleire mennesker vert smitta av viruset.

error
Top
Translate »