Skulestart for 1. – 4. klasse

På måndag 27.04 opna skulane att for barn mellom 1. og 4. klasse. Folkehelseinstituttet og regjeringa har laga reglar for korleis skulekvardagen skal vera, og dei seier at det er heilt trygt å sende barn på skulen no. I norge har me skuleplikt, det vil sei at ein må ha lege-erklæring og snakke med skulen dersom man ikkje sender barnet sitt på skulen. Det er ikkje lov å halde barnet sitt heime utan dette. Me forstår at nokon kan vera redde for å sende barnet sitt til skulen. Dersom dette gjelder deg kan du ta kontakt med oss, så kan me hjelpe deg med å forstå smittevernsreglane.

error
Top
Translate »