Kristine S. Fauske

Kurs med Foreninga Fri
Tusen takk til alle på introduksjonsprogrammet som kom på kurs med Fri i dag. Og tusen takk til Fri som tok turen frå Bergen for å prate med oss. De er hjarteleg velkomne att neste år!

Snøleik med turgruppa
Tusen takk til alle på turgruppa som var med ut og leike i snøen i dag! Me hadde planlagt ein tur, men grunna mykje snø endra me planen og laga snømann og snølykt på Prestegardslandet i staden for.

Tur med Blå turgruppe
Onsdag 2. oktober gjekk ein av turgruppane på intro i Storåsen. Turen var for dei som klarer å gå litt lengre på tur. Det var strålande sol og me fekk sjå nydelege fargar i skogen! Tusen takk til alle som var med!

Tur med Grøn turgruppe
Måndag 1. oktober var ei av turgruppane på intro på tur i Prestegardsmoen. Turen var lågterskel. Lågterskel betyr lett, og open for alle. Me hadde ein flott tur i fint haustvér. Integreringstenesta takker alle som var med på turen. Ein spesiell takk går til alle som var med å syngje for gruppa! Me sjåast på […]

Vil du vite meir om arbeidet til FRI?
Torsdag 29. november hadde me besøkt av foreininga FRI som snakka om LHBT rettar. Om du vil ha meir informasjon, er det mange plassar på internett du kan besøke: www.foreningenFRI.no – Nettsidene til FRI www.ikkefinndegidet.no – informasjon om seksuelle rettar, homofili og hatkriminalitet. www.ung.no – informasjon frå det offentlege til deg som er ung www.skeivungdom.no […]

Takk til alle som deltok på praksismesse!
Torsdag 1. november vart det for fyrste gong gjennomført praksismesse på Voss kulturhus. Både private og kommunale arbeidsgjevarar var til stades for å høyre meir om korleis dei kan ta inn ein flyktning i praksis hjå seg. Etter ein orientering frå integreringstenesta vart det servert somali og syrisk mat og arbeidsgjevarane og praksiskandidatane fekk møte […]

Fjelltur med introprogrammet
Integreringstenesta vil gjerne takke alle som var med for ein flott tur til Løkjedalsnuten 26. juni! Me var åtte personar frå fire forskjellige land som drog på fjelltur saman i strålande solskin. Turen var 12 kilometer lang med ein stigning på over 300 høgdemeter. For nokon var det fyrste gong i den norske fjellheimen, og dei […]

Kurs for alle i dag på kulturhuset
I dag er det kurs for alle på introduksjonsprogrammet. Kurset er på Kulturhuset klokken 11:30. Det blir derfor ingen leksehjelp på Røde Kors i dag. Vi får besøk av Foreningen FRI som skal snakke om likestilling, demokrati og rettigheter i Norge, både generelt og for mennesker med en annen seksuell legning enn majoriteten. FRI sitt budskap er at all […]
Følg vår RSS-feed