Miriam Aareskjold

Leksehjelp

Leksehjelp

Leksehjelp med Røde Kors for deltakarar i introduksjonsprogrammet startar opp på torsdag 31.08.2017. Leksehjelp for dei som går på norskundervisning er kvar torsdag på Røde Kors-huset klokka 10:00-11:30 Leksehjelp for dei som går på grunnskule er kvar torsdag på kulturhuset klokka 12:00-13:30 Hugs oppmøteskjema med signatur!    

Les mer →

Politisk debatt

Politisk debatt

Veit du kva du skal stemma i år? Flyktningtenesta i Voss kommune og Det felles innvandrerråd i Hordaland inviterar til politisk debatt i Voss kulturhus onsdag 23.08.2017 klokka 18.00. Debatten er open for alle. Debatten er ein del av prosjektet «Alle stemmer 2017» som har som mål å få fleire med fleirkulturell bakgrunn til å […]

Les mer →

Valkurs og debatt

Valkurs og debatt

I samband med Stortingsvalet i år ynskjer vi å ha eit ekstra fokus på politikk og demokrati som ein del av introduksjonsprogrammet. Flyktningtenesta samarbeidar med Det felles innvandrarråd i Hordaland om prosjektet «Alle stemmer 2017». Det er difor eitt kurs og ein debatt som blir obligatorisk å delta på for alle i intro. Alt vil skje på […]

Les mer →

Inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage

Inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage

Alle som deltek i introduksjonsprogrammet og som har barn i barnehage MÅ søka om inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage for barnehageåret 2017/2018. Stortinget har vedteke nasjonal ordning for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage. Ingen hushaldning skal betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. For å søka må du logga inn på kommunen sin […]

Les mer →

Nye reglar for permanent opphald

Nye reglar for permanent opphald

Sjå: https://www.udi.no/ord-og-begreper/krav-til-a-forsorge-seg-selv-for-a-fa-permanent-oppholdstillatelse/ “Krav til å forsørge deg selv for å få permanent oppholdstillatelse Hvis du er mellom 18 og 67 år og skal søke om permanent oppholdstillatelse, må du ha hatt egen inntekt og ikke ha mottatt sosialhjelp i løpet av de siste 12 månedene. Dette er et nytt krav. Hvis du leverer søknaden hos […]

Les mer →

Symjekurs for menn i intro

Symjekurs for menn i intro

Det blir arrangert symjekurs for menn i introduksjonsprogrammet siste veka i juni. Det er berre 10 plassar. Når: tysdag 27.06.2017 – fredag 30.07.2017 Klokka: 10:00-11.15 (møt 09:45) Stad: bassenget på Fleischers hotell Nivå: nybegynnar Arrangør: Noregs symjeforbund Påmelding til Flyktningtenesta innan fredag 16.06.2017. Send SMS eller ring til Miriam på 96097745 eller møt opp i […]

Les mer →

17. mai

17. mai

Flyktningtenesta ynskjer alle ei fin feiring på 17. mai og vi oppmodar alle til å gå i tog og rope “hipp, hipp, hurra!”. Det vil vera mykje liv i sentrum og dei ulike skulane har eigne program med leiker, mat og talar.   Barnetoget på Vangen går klokka 10:00 frå Idrettsplassen og folketoget klokka 14:00 frå […]

Les mer →

Hugs å søke om SFO innan 1. april

Hugs å søke om SFO innan 1. april

Søknadsfrist for SFO og leksehjelp for skuleåret 2017/2018 er 1. april. Hugs at dersom begge foreldra deltek i introduksjonsprogrammet må du søke om utvida SFO-plass. Bruk søknadsskjema på https://voss.ist-asp.com/NO01235-pub/login.htm    

Les mer →

Gruppetilbod frå rus- og psykiatritenesta

Gruppetilbod frå rus- og psykiatritenesta

Rus- og psykiatritenesta har ulike gruppetilbod for menneske som treng ekstra støtte. Dei fleste av oss vil oppleva psykiske helseplager ein eller fleire gonger i livet. Heldigvis finst det god hjelp å få, og for dei fleste løyser dette seg. Det viktigaste du kan gjera når du har det vanskeleg er å vera open om det. […]

Les mer →

“Ferie for alle”

“Ferie for alle”

Røde Kors arrangerar ferieturar for familiar som har barn i alderen 6-13 år og som har svak økonomi. Ta kontakt med Røde Kors eller flyktningtenesta for meir informasjon og for hjelp til påmelding.

Les mer →

Top
Translate »