Flyktningtenesta

Fjelltur med introprogrammet
Integreringstenesta vil gjerne takke alle som var med for ein flott tur til Løkjedalsnuten 26. juni! Me var åtte personar frå fire forskjellige land som drog på fjelltur saman i strålande solskin. Turen var 12 kilometer lang med ein stigning på over 300 høgdemeter. For nokon var det fyrste gong i den norske fjellheimen, og dei […]

Valkurs og debatt
I samband med Stortingsvalet i år ynskjer vi å ha eit ekstra fokus på politikk og demokrati som ein del av introduksjonsprogrammet. Flyktningtenesta samarbeidar med Det felles innvandrarråd i Hordaland om prosjektet «Alle stemmer 2017». Det er difor eitt kurs og ein debatt som blir obligatorisk å delta på for alle i intro. Alt vil skje på […]

Sommerferie for dei ansatte på flyktningtenesta
No er det sommarferie for alle deltakarar på introduksjonsprogrammet. Også dei ansatte i flyktningtenesta skal ha sommarferie: Martine har ferie 12. juni – 9. juli Sako har ferie 1. juli – 31. juli Bjarte har ferie 17. juli – 6. august Gro har ferie 17. juli – 13. august Miriam har ferie 14. juli – […]

Takk til alle som var med på brannkurs!
I dag, måndag 10. april, var nesten 50 deltakarar frå introduksjonsprogrammet på kurs hos Voss brannvern på brannstasjonen. Der fekk me informasjon om branntryggleik og alle som ynskte fekk øva seg på å sløkkje brann med brannsløkkingsapparat. Flyktningtenesta takkar Voss Brannvern for ein viktig og lærerik dag!

OBS: Kurs på intro neste veke: måndag 10. – onsdag 12. april
OBS: Neste uke er det aktivitet på introduksjonsprogrammet på måndag, tysdag og onsdag: Måndag skal ei gruppe på brannstasjonen å få læra om tryggleik og brann. Tysdag er det felles kurs for alle på intro på kulturhuset kl 08:30 – 11:30. Onsdag er det introkurs for gruppe nr. 1 på Tvildemoen kl 08:30 – […]

Flyktningtenesta stengt på tirsdag
Tirsdag 13.09 er flyktningtenesta stengt på grunn av intern opplæring. Vi minner ellers om at flyktningtenesta er ope alle andre dager denne veka mellom kl. 09:00 – 15:00

Ny praktikant i Flyktningtenesta
Idag har Souad starta i praksis i Flyktningtenesta. Ho skal vere ein del av introteamet, og delta i alle dei aktivitetane dei driv. Vi er glade for å ha Souad med oss i teamet!

Flyktningtenesta flytter mandag 5.9
Mandag 5.9 er Flyktningtenesta stengt pga. flytting. Fra tirsdag 6.9 finner du oss i Magasinvegen 35 i Tvildemoen. Åpningstid 9-15 mandag til fredag. Se kart under for hvor du skal gå for å finne oss. Ca. 15 minutter å gå fra Tinghuset.

Introkurs
Som flyktningtenesta tidlegare har gjeve beskjed om er det ein ny organisering av introkursa til flyktningtenesta. Kvar veke vil nokre introdeltakere få beskjed om å møte på kurs, dei som skal på kurs får også beskjed om kor og når dei skal møta. Alle andre skal følge timeplanen dei har fått på skulen.
Følg vår RSS-feed