Informasjon

Kurs med Foreninga Fri
Tusen takk til alle på introduksjonsprogrammet som kom på kurs med Fri i dag. Og tusen takk til Fri som tok turen frå Bergen for å prate med oss. De er hjarteleg velkomne att neste år!

Tur med Grøn turgruppe
Måndag 1. oktober var ei av turgruppane på intro på tur i Prestegardsmoen. Turen var lågterskel. Lågterskel betyr lett, og open for alle. Me hadde ein flott tur i fint haustvér. Integreringstenesta takker alle som var med på turen. Ein spesiell takk går til alle som var med å syngje for gruppa! Me sjåast på […]

Fagbrev som kokk eller servitør
Senter for vaksenopplæring ved Voss gymnas ønsker å starte eit fagtilbod for personar som ynskjer å oppnå teorikunnskapen som trengs for å ta fagbrev som kokk eller servitør. Tilbodet vert starta opp dersom det er nok søkere. Undervisninga vil i hovudsak foregå på ettermiddag/kvelds tid. Søknadsfrist er 1. april.

Introkurs vinter og vår 2019
Integreringstenesta skal fortsette å halde både gruppekurs og felleskurs for deltakarane i introduksjonsprogrammet. Nytt av året er at me no berre har 3 grupper, og skal ha litt oftare felleskurs for alle, og fleire situasjonsbestemte kurs. På første kursdag 10.01.2019 vil De få meir informasjon om dette, samt informasjon om kva gruppe de er i. […]

Planleggingsdag
Måndag 13.08 vil det ikkje vera folk på kontoret til Integreringstenesta, då dei tilsette har planleggingsdag. Dersom du treng å koma i kontakt med oss kan du ringe eller sende epost.

Fjelltur med introprogrammet
Integreringstenesta vil gjerne takke alle som var med for ein flott tur til Løkjedalsnuten 26. juni! Me var åtte personar frå fire forskjellige land som drog på fjelltur saman i strålande solskin. Turen var 12 kilometer lang med ein stigning på over 300 høgdemeter. For nokon var det fyrste gong i den norske fjellheimen, og dei […]

Program for siste veka i juni
Siste veka i juni er det ulike kurs for alle deltakarane i introduksjonsprogrammet. Kursa er obligatoriske for dei som ikkje er i praksis eller er frivillige på ekstremsportveko, eller går på vidaregåande skule. Måndag, oppmøte på Kulturhuset kl. 08:30 :IOGT; Flyktningar i intro, rus og korleis snakke med barna om dette Tysdag, oppmøte på kulturhuset […]

Flyktningtenesta -> Intergreringstenesta
Flyktningtenesta har endra namn til Integreringstenesta. Bakgrunnen for endringa er eit ønskje om eit namn som betre beskriv dei oppgåvene tenesta har. Samstundes får dei som arbeidar med introduksjonsprogrammet tittelen integreringsrådgjevarar. Nettsidene våre finn du no og på integreringstenesta.no.

Treng du informasjon for å starta organisasjon?
Vil du starta ei gruppe eller organisasjon for flyktningar på Voss? Det Felles Innvandrerråd i Hordaland kan hjelpe med å gje informasjon om kva du må gjera for å kunne registrera deg. Du kan ta kontakt direkte med innvandrarådet på e-post eller telefon. Om du vil ha hjelp til å ta kontakt med innvandrarrådet kan […]
Følg vår RSS-feed