Om Integrering og vaksenopplæring

Eininga Integrering og vaksenopplæring har ansvar for arbeidet med busetting, integrering og opplæring av flyktningar som vert busett i kommunen.  Eininga består av Voss vaksenopplæring, Integreringstenesta og EM-tiltaka.

Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familie skal kunne ta ansvar for eigen livssituasjon, og finne seg til rette i skule, arbeid, nærmiljø og samfunnsliv.  I eininga sine tenester skal ein bli møtt med respekt, høflegheit og fagleg kompetanse, uavhengig av sosial status, historie, etnisk opphav, tru, kjønn eller alder.

Kontaktinformasjon:

Felles postadresse: boks 145, 5701 Voss

Leiar Integrering og vaksenopplæring: tlf. 56 52 32 11
Voss vaksenopplæring: tlf. kontor 56 51 96 84 / 80  Rektor tlf. 481 31 149
EM-tiltaka, leiar: tlf. 970 50 356
Integreringstenesta, fagleiar: tlf. 979 97 146

Top
Translate »