Om Vaksenopplæring og logopedi

Voss vaksenopplæring held til i Voss kulturhus. Tenestene som blir gjeve er norskopplæring for vaksne innvandrarar, eksamensretta grunnskule, grunnskule med spesialpedaogikk for vaksne, og logopedi.

vosskulturhushenriklatsch--3_inngang

Norskopplæring for innvandrarar

Opplæring på alle nivå, på dagtid.
Vi underviser etter Opplæringsplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, Lov om Introduksjonsordning §17.

Mål for opplæringa: Kursa førar fram til Norskprøve 2 og 3.

Kven kan delta?
– flyktningar
– familieforeinte
– asylsøkjarar
– eigne betalingskurs/periodar for arbeidsinnvandrarar

Nivå:
– spor 1 for deltakarar med liten eller ingen skulegang
– spor 2 for deltakarar med ein viss skulegang
– spor 3 for deltakarar med god allmennutdanning
For deltakarar på spor 1 og spor 2, kan norskopplæringa gje grunnlag for å følgje undervisning på grunnskulenivå

Grunnskule for vaksne

Opplæring i norsk, norsk som andrespråk, matematikk, samfunnsfag, engelsk og natur- og miljøfag. Vi underviser etter “Kunnskapsløftet”

Mål for opplæringa
Deltakarane skal få kunnskapar og ferdigheiter tilsvarande 10-årig grunnskule

Kven kan delta?
Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til det

Grunnskule for vaksne gjev grunnlag for inntak i vidaregåande opplæring
Deltakarane bestemmer sjølv kor mange fag dei vil ta

Logopedi

Logopedtenesta gir tilbod til innbyggjarane i kommunane: Aurland, Ulvik, Vaksdal og Voss, også pasientar på Voss sjukehus innafor områda:
– språk / språkvanskar
– stemmevanskar
– stamming
– afasi

Lågterskeltilbod logopedi

Her får du råd, rettleiing og evt. noko direkte treningshjelp utan tilvising. Tilbodet gjeld primært for barn og ungdom, men også for vaksne om kapasitet.

Tid: Måndagar mellom kl 08.30 – 11.30; 2. et. Kulturhuset.

For at oppmøtet skal gå greitt med minst mogleg ventetid, kan det vere greitt å ringe logopeden på førehand for å gjere direkteavtale.

Spesialpedagogikk

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinært opplæringstilbod for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring i grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.
PPT utarbeidar sakkunnig uttale.
Opplæring på dagtid, individuelt og i små grupper.

Opplæringa omfattar:
– 
Lese og skriveopplæring
– Ask (alternativ og supplerande kommunikasjon)
– Opplæring i tekniske hjelpemiddel
– Bruk av IKT/ PC
– ADL  (Arbeids- og dagleglivtrening)

Top
Translate »