Besøk fra foreningen FRI

Besøk fra foreningen FRI

  Torsdag 29. november hadde introduksjonsprogrammet besøk av Ingrid Bakken frå foreininga FRI. Ho gav oss informasjon om likestilling, demokrati og rettar i Noreg, både generelt og for menneskje med ein annan seksuell orientering enn majoriteten. FRI sitt bodskap er at alle skal kunne leve livet sitt som dei sjølv ynskjer, utan å bli møtt […]

Les mer →

Integreringstenesta stengt

Integreringstenesta stengt

Dei tilsette i integreringstenesta er i dag, fredag, på fagsamling i lag med andre kommunar som buset flyktningar. På grunn av dette held me stengt frå kl. 09:30 fredag 16.11.2018. Du kan framleis nå oss på telefon eller epost.

Les mer →

Takk til alle som deltok på praksismesse!

Takk til alle som deltok på praksismesse!

Torsdag 1. november vart det for fyrste gong gjennomført praksismesse på Voss kulturhus. Både private og kommunale arbeidsgjevarar var til stades for å høyre meir om korleis dei kan ta inn ein flyktning i praksis hjå seg. Etter ein orientering frå integreringstenesta vart det servert somali og syrisk mat og arbeidsgjevarane og praksiskandidatane fekk møte […]

Les mer →

Fargespill

Fargespill

Voss Røde Kors i samarbeid med Sparebanken Vest inviterer flyktningane på Voss til Fargespill forestiliga D eg E i Grieghallen 11. november. Avreise med buss frå Voss kl 15.00. Enkel servering i Grieghallen kl 17.00. Forestilling kl 18.00. Me reknar med å vera tilbake på Voss ca kl 21.00. Påmelding til Marit mobil 90055083 innan […]

Les mer →

Planleggingsdag

Planleggingsdag

Måndag 13.08 vil det ikkje vera folk på kontoret til Integreringstenesta, då dei tilsette har planleggingsdag. Dersom du treng å koma i kontakt med oss kan du ringe eller sende epost.

Les mer →

Fjelltur med introprogrammet

Fjelltur med introprogrammet

Integreringstenesta vil gjerne takke alle som var med for ein flott tur til Løkjedalsnuten  26. juni! Me var åtte personar frå fire forskjellige land som drog på fjelltur saman i strålande solskin. Turen var 12 kilometer lang med ein stigning på over 300 høgdemeter. For nokon var det fyrste gong i den norske fjellheimen, og dei […]

Les mer →

Program for siste veka i juni

Program for siste veka i juni

Siste veka i juni er det ulike kurs for alle deltakarane i introduksjonsprogrammet. Kursa er obligatoriske for dei som ikkje er i praksis eller er frivillige på ekstremsportveko, eller går på vidaregåande skule. Måndag, oppmøte på Kulturhuset kl. 08:30 :IOGT; Flyktningar i intro, rus og korleis snakke med barna om dette Tysdag, oppmøte på kulturhuset […]

Les mer →

Aktivitetsdag

Aktivitetsdag

Vårens aktivitetsdag på Voss iddrottsplass vert arrangert onsdag 20. juni mellom kl. 08:45 – 15:30. Aktivitetsdagen er open for born, ungdommar og vaksne med særskilt fokus på fleirkulturelle. Dagen vert delt i to, mellom born- og ungdomsskuleelevar, og vaksenopplæring og vidaregåande skular. Barn og ungdomsskoleelever kl. 08.45-12.15 Voksenopplæring og VGS kl. 12.15-15.30 Påmelding til Kristina […]

Les mer →

Foredrag med Kristin Sørsdal

Foredrag med Kristin Sørsdal

Sørsdal har arbeidd som frivillig flyktningehjelpar ved Europas yttergrense langs strendene ved Middelhavet. 17. april kl. 19:00 kjem ho til Voss Bibliotek for å halde foredrag. Arbeidet har ført ho til Italia mange gonger dei siste åra og i 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med sin eigen roman, «Mare». Foredraget er ei […]

Les mer →

Introkurs

Introkurs

Introkursa Integreringstenesta hadde hausten 2017 og felleskurset “Menneskerettar og diskriminering” er no tilgjengeleg for nedlasting. Du finn alle faste kurs me har hatt sidan 2016 på denne sida.

Les mer →

Top
Translate »