Gruppetilbod frå rus- og psykiatritenesta

Rus- og psykiatritenesta har ulike gruppetilbod for menneske som treng ekstra støtte.

Dei fleste av oss vil oppleva psykiske helseplager ein eller fleire gonger i livet. Heldigvis finst det god hjelp å få, og for dei fleste løyser dette seg. Det viktigaste du kan gjera når du har det vanskeleg er å vera open om det. Sjansen for at du vert bra er større om du ber om hjelp tidleg.
Tilboda er i utgangspunktet opne for alle. Ein treng ikkje vedtak frå tildelingskontoret for å delta.

Til dømes:
– KID –  Kurs i meistring av depresjon er for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemt eller er deprimerte (frå lett til moderat) på ei slik måte at det går ut over dagleg funksjon og livskvalitet. Kontaktperson: Evy Kjos tlf. 97050355/ epost: evy.kjos@voss.kommune.no. Oppstart veke 17.

– Angst/ depresjon – Samtalegruppe. Kontaktperson Liv Fjose tlf. 99207110/ epost: liv.h.fjose@voss.kommune.no. Oppstart veke 17.

 

Sjå meir på voss.kommune.no

Happy Young

error
Top
Translate »