17. mai

Flyktningtenesta ynskjer alle ei fin feiring på 17. mai og vi oppmodar alle til å gå i tog og rope “hipp, hipp, hurra!”. Det vil vera mykje liv i sentrum og dei ulike skulane har eigne program med leiker, mat og talar.

 

Barnetoget på Vangen går klokka 10:00 frå Idrettsplassen og folketoget klokka 14:00 frå Idrettsplassen. Dersom du har barn som skal gå i tog må du møta klokka 09:30.

Toget på Vossestrand går frå Sambygg klokka 10:00 og kafé og leikar opnar klokka 11:30.

Skulestad skule har leiker og kafé frå klokka 17:00.

Gjernes skule inviterar til tradisjonell 17.mai-feiring klokka 16:00

Palmafossen har feiring frå klokka 17:00.

Evanger går toget klokka 14:00 og det blir mat og leikar etterpå.

Bjørgum skule har feiring frå klokka 17:00.

 

Voss kino har gratis kinoframsyning av filmen Oscars Amerika klokka 11:30.

Frelsesarmeen inviterar til 17. mai fest klokka 18:00.

Det vil vera kafé i Vonheim frå klokka 10:30 til 15:30.

error
Top
Translate »