Inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage

Alle som deltek i introduksjonsprogrammet og som har barn i barnehage MÅ søka om inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage for barnehageåret 2017/2018.

Stortinget har vedteke nasjonal ordning for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehage. Ingen hushaldning skal betala meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass.

©Bigstock

For å søka må du logga inn på kommunen sin portal for barnehage og SFO: https://voss.ist-asp.com/NO01235-pub/login.htm

1. Logg inn med ID-porten
2. Gå på fana Sida mi.
3. Registrere inntekt. La haka ved «full sats» stå tom.

I tillegg til søknaden på nett må du levera dokumentasjon på kva inntekt familien har. Siste års sjølvmelding/skatteoppgjer skal brukast som dokumentasjon, dersom dette er representativt for familien si inntekt. Manglande sjølvmelding/skatteoppgjer t.d. som følgje av kort butid i landet kan kompenserast med annan dokumentasjon som lønnsslipp eller liknande. Slik dokumentasjon må vera av nyare dato, maks.1 månad gamal.

Dokumentasjonen skal leverast elektronisk til postmottak@voss.kommune.no, eller på papir til Voss kommune, postboks 145, 5701 Voss. Dokumentasjonen må føreliggja seinast ei veke etter søknadsdato, elles vert søknaden lagt vekk.

Du kan ta kontakt med servicetorget på tinghuset eller kontaktperson i flyktningtenesta dersom du treng hjelp!

error
Top
Translate »