Om EM-tiltaka
I 2004 vart det første em-tiltaket etablert på Voss, som en heim for fire ungdomar. I samband med flyktningkrisa verda opplever no, har kommunestyret m.a. gjort vedtak om at kommunen skal ha to slike em-tiltak frå 2016.
Etter vedtak i kommunestyret, skal Voss kommune busette einslege mindreårige under 15 år i em-tiltak. Eit em-tiltak er ein heim for fire unge, som har kome til Noreg utan foreldre eller andre omsorgspersonar. Em-tiltaka har døgnbemanning. Til saman er det 17 stillingar knytt til drift av em-tiltaka.
Dei unge som bor i tiltaka har alle opphald i Noreg, går i vanleg skule, og skal ha ein oppvekst som er mest mogeleg lik det norske ungdomar har.
EM-tiltaket har i mars 2018 ansvar for totalt 13 unge, 9 av dei bur i institusjon.
Følg vår RSS-feed